Hopp til innhald

Fagstoff

Kontrast

Kva skjer når du set noko mørkt mot noko lyst, det vonde mot det gode, det raske mot det trege? Ofte skaper slike motsetningar ei spenning, anten det er i ein skriftleg tekst, i eit bilete eller i ein film. Vi kallar dette for kontrastar.
Nærbilete av marihøne som går nedover eit grønt grasstrå. Biletet har grøn, uskarp bakgrunn. Marihøna er eit lite, raudt innsekt med svarte prikkar. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Kontrast
Kontrast er det same som ei motsetning, noko som er veldig ulikt frå noko anna. Til dømes er svart ein kontrast til kvitt og vinter ein kontrast til sommar.
Verkemiddel
Verkemiddel i denne samanhengen er når forfattaren bruker språket for å oppnå ein effekt hos lesaren. Til dømes kan forfattaren bruke kontrastar for å skape spenning i teksten. Kontrast er eit språkleg verkemiddel.

Kontrast

Kontrastar eller motsetningar forsterkar kvarandre og skaper spenning. Kontrast blir brukt som verkemiddel i både skriftlege og munnlege tekstar. Du har kanskje òg lagt merke til bruk av kontrast i kunst, reklame og musikk?

Antonym

Antonym er ord som har motsett betydning. Når vi lagar kontrastar, bruker vi ofte slike antonym. Vi kan lage kontrastar mellom enkeltord som til dømes liv–død, glad–trist, stor–liten, rik–fattig.

Tenk over

Kva for nokre andre kontrastar kjenner du til?

Fleire brune skogsdyr ute i ein skog. Midt i biletet er det eit heilt kvitt dyr av same art. Foto.

Kontrastar i skjønnlitteratur

Eventyr

I eventyret om Askepott er det ein tydeleg kontrast mellom den snille, vakre Askepott og dei to slemme, stygge stesøstrene hennar. I folkeeventyra om Oskeladden blir Oskeladden ein kontrast til brørne sine. Brørne er berre opptekne av seg sjølv, mens Oskeladden hjelper personane han møter.

i begge eventyra er at det til slutt er det gode (Askepott og Oskeladden) som vinn over det vonde (stesøstrene og brørne).

Gut kledd i enkelt og skitent kvardagstøy rotar med ein pinne i oske og glør. Måleri.

Tenk over

Kjenner du til eventyr frå andre land som òg bruker kontrast som verkemiddel?

Lyrikk

I mange dikt og songtekstar kan du finne kontrastar. I døma under har vi markert kontrastane svart og kvit, glad og trist, krig og fred, liv og død med feit skrift:

Karpe startar songen "Tusen tegninger" slik:

Er både svart og hvit,
er både glad og trist

I diktet "Til ungdommen" er det òg fleire kontrastar, som i denne strofa:

Krig er forakt for liv.
Fred er å skape.
Kast dine krefter inn:
døden skal tape!

Diskuter døma med ein medelev:

Kvifor er orda under kontrastar?

- svart og kvit

- glad og trist

- krig og fred

- liv og død

Reklameplakat som viser ei dame med gule briller. Ho har på seg raud lue og stripete genser i raudt og kvitt. Heilt framme i biletet er ein mørkeblå boks det det står "FOR HJEM OG SPORT NIVEA-KREM TIL HUDPLEIEN". Bakgrunnen er lyseblå med kvite snøfnugg. Illustrasjon.

Kontrastar i reklame

I reklame er det ganske vanleg å bruke kontrast som verkemiddel. Det blir gjort på mange ulike måtar. Til dømes har reklamar fargar som kontrast. Vi finn òg ofte kontrast i ord som er brukte i reklamen. I tillegg har reklamar bilete som viser tydeleg kontrast mellom før og etter at vi har brukt eit produkt.

Av og til kan kontrastane overraske eller skape spenning. Andre gonger kan kontrastbruken vere ganske morosam. Formålet er som oftast den same, nemleg å skape interesse for produktet.

Kontrastar i film

Det er òg vanleg å bruke kontrast som verkemiddel i film. Dette er ofte med på å bygge opp spenninga. I tillegg får kontrastane fram tydelege skilje mellom dei ulike .

I kortfilmen Skylappjenta av Iram Haq finn du kontrastar mellom anna i val av musikk, karakterar og :

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning, Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel