Hopp til innhald

Fagstoff

Sarkasme

Sarkasme har mange likskapar med ironi, men det er òg nokre tydelege forskjellar. Her skal du lære meir om kva sarkasme er, og korleis du skil mellom ironi og sarkasme.
Kvinne med lilla-farga hår lagar hermeteikna med hendene og to fingrar. Ironi og sarkasme-konsept. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Sarkasme
Sarkasme er eit språkleg verkemiddel der vi ein person, ein situasjon eller ein ting.
Ironi
Ironi er å seie eller skrive ein ting og meine det motsette.
Språkleg verkemiddel
Språklige verkemiddel er å bruke språket på ein spesiell måte for å påverke mottakaren. Sarkasme er eit døme på eit språkleg verkemiddel. Andre døme på språklege verkemiddel er gjentaking, samanlikning og metafor.

Sarkasme

Ei trist jente med mange oransje sinte emoji rundt seg. Omarbeidde foto.

Sarkasme er ein kommentar for å latterleggjere nokon eller noko. Vi kan bruke sarkasme direkte mot ein annan person. Då kan den personen bli såra og lei seg. Sarkasme bruker vi enkelte gonger for å og andre gonger for å få fram eit viktig poeng. Det er viktig å tenke over korleis og kvifor sarkastiske kommentarar blir sagde. Er det for å vere morosam? Er det for å såre? Eller er det for å få fram eit poeng betre?

Døme:

  • "Du ser ikkje trøytt ut i det heile tatt. Skjønner at du har sove veldig godt i natt ... "

  • "Så fin den genseren er! Har du arva han av bestemor di?"

Når bruker du sarkasme?

Kor godt sarkasmen fungerer, blir òg påverka av situasjonen. Kven bruker sarkasme, når og mot kven? Kanskje synest du det er morosamt viss ein kamerat seier noko litt sarkastisk, mens du blir lei deg viss ein annan person gjer det same. Korleis vi reagerer på sarkasme, er òg ulikt frå person til person.

Tenk over

Kvifor trur du vi menneske reagerer ulikt på sarkasme?

Litt for deg som ikkje kan sjå videoen

To har krope inn i ein bitte liten boks som dei nesten ikkje får plass i. Han liknar på ein søppelboks, men har høgtalarar på toppen. NRK-logoen er skriven tydeleg framme på boksen.

Boksen er plassert midt på eit travelt torg i Danmark. Frå boksen kommenterer komikarane menneske som går forbi. Dei av korleis menneska ser ut, kven dei liknar på og måten dei går på. Dei gir dei òg tullenamn. Til dømes kallar dei ei dame for "Kaptein Hovudlaus" fordi ho har hovudet pakka inn i eit skjerf, slik at du nesten ikkje ser ansiktet hennar.

Tenk over

Korleis blir sarkasme brukt som humoristisk verkemiddel i videoen?

Kroppsspråk og tonefall

Sarkasme kan vi få fram ved å seie noko litt spydig, men òg ved å legge ekstra trykk på enkelte ord eller bruke ekstra mykje . Vi kan til dømes eller gjere kroppsspråket vårt ekstra tydeleg samtidig som vi seier noko sarkastisk.

Viss vi skriv sarkastisk, så har vi òg ein ironisk tone, men han er ofte endå meir spydig og provoserande enn berre ironi. I dialogen under er det fleire sarkastiske kommentarar som kan påverke korleis blir mellom personane i møtet.

Døme på sarkasme frå

Elena kjem for seint til eit viktig møte. Mikael og Line sit og ventar på henne.

Mikael: Så hyggeleg at du kjem! Fint at du er så flink til å passe tida. Vi har ikkje venta på deg i det heile tatt ...

Elena: Beklagar så mykje. Bussen kom altfor seint på grunn av all snøen.

Mikael: Ja, det er fint å ha noko å skylde på, ikkje sant? Vi merka snøen vi andre òg ...

Line: Kanskje du skal ordne deg privatsjåfør i staden?

Elena: No synest eg de er ufine. Kan vi ikkje starte møtet i staden?

Mikael: Beklagar. Det var ikkje slik meint. Det var berre humor.

Elena: Eg veit at eg var for sein, ok? Det skal ikkje gjenta seg.

Line: Det høyrest bra ut. Då startar vi.

Tenk over

Klarer du å finne sarkasmen i dialogen over?

Når passar det seg å vere sarkastisk?

Sarkasme og ironi er sterke verkemiddel, så det er viktig å lære seg når dei er passande å bruke, og når dei ikkje er det. I formelle situasjonar, som til dømes i jobbsamanheng, kan det føre til eit dårleg arbeidsmiljø viss vi har ein sjef eller ein kollega som ofte kjem med sarkastiske kommentarar.

I humorbransjen, til dømes i tv-program der komikarar gjer narr av eller tullar med aktuelle saker, er det vanleg å bruke sarkasme som eit språkleg verkemiddel. Då skjønner som oftast den som høyrer og ser på, at det er meint som tull. Då "toler" vi litt meir enn om det var meint heilt seriøst. Det er likevel ofte litt alvor bak ein sarkastisk kommentar.

Det er mest vanleg å bruke sarkasme når vi snakkar. Det kan vere litt vanskeleg å forstå når noko er meint sarkastisk i skrift, fordi vi ikkje har kroppsspråket som hjelper oss med å forstå om noko er meint alvorleg eller humoristisk. Emojiar kan gjere det lettare å forstå humoren eller forsøket på sarkasme i skrift, men ein god regel er å unngå sarkasme når du skriv til folk du ikkje kjenner.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel