Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk besjeling

Oppgåve 1. Undersøk besjeling i barnesong

"Nøtteliten" er ein kjend norsk barnesong av Alf Prøysen. Nøtteliten er namnet på i songen. Sjå musikkvideoen før du svarer på oppgåvene.

  1. Forklar korleis besjeling er brukt som verkemiddel i songen "Nøtteliten". Vis til døme på besjeling. Du kan velje om du vil finne døme frå musikkvideoen eller frå utdraget frå songteksten under.

    Nøtteliten bor i toppen av et tre
    Han er aldri ferdig når han skal av sted
    Han skal spise fire konglefrø og danse lite grann'
    Han skal erte frøken Skjære og en gammel kråkemann
    "Nøtteliten", sier mamma, "er du der?"
    Nøtteliten svarer: "Neida, jeg er her!"

    (Utdrag frå "Nøtteliten" av Alf Prøysen, 1968 )

  2. Kva gjer bruken av besjeling med korleis vi opplever songen? Korleis hadde opplevinga vore annleis viss det ikkje var brukt besjeling? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 2. Undersøk besjeling i songtekst

Vis til døme og forklar bruken av besjeling i utdraget frå songteksten under.

Frøet dypt der nede
Venter stille på en vår
Hvisker om glede
Når snart går

(Utdrag frå "Syng sang" av Karoline Krüger, 2021)

Oppgåve 3. Besjeling i eventyr

  1. Finn døme på bruk av besjeling i det norske folkeeventyret "Pannekaka", samla inn av Asbjørnsen og Moe. Du finn eventyret "Pannekaka" på Nasjonalbiblioteket.

  2. Finn døme på bruk av besjeling i eventyret "Katten med støvlene". Du finn eventyret "Katten med støvlene" på Nasjonalbiblioteket.

  3. Finn døme på eit eventyr eller ei forteljing frå eit anna land som bruker besjeling. Ta gjerne utgangspunkt i eventyr eller forteljingar som du kjenner til frå før. Treng du hjelp? Du finn eventyr og forteljingar frå fleire land under temaet "Les ei forteljing" på morsmål.no.

  4. Fortel att eventyret i oppgåve 3 til ei gruppe i klassen eller til heile klassen. Vis òg til døme på besjeling.

  5. Lag ei oversikt med døme på besjeling i ulike eventyr og forteljingar saman i klasserommet.

Relatert innhald

Lær om besjeling, og korleis besjeling kan verke på ein tekst.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning .
Sist fagleg oppdatert 29.02.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel