Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk klisjéar

Oppgåve 1. Finn klisjéar frå ulike land

  1. Skriv ned to–tre klisjéar på førstespråket ditt som handlar om forelsking eller kjærleik.

  2. Oversett klisjéane du fann i oppgåve A til norsk.

  3. Vel ein av klisjéane frå oppgåve A og skriv han på tavla både på førstespråket ditt og på norsk.

  4. Diskuter klisjéane de har skrive på tavla felles i klassen. Er de einige i kva som er klisjé og ikkje?

  5. Korleis kan det nokon gonger variere frå situasjon til situasjon kva som blir oppfatta som ein klisjé? Er nokon av setningane de har skrive på tavla meir klisjé enn andre?

Oppgåve 2. Lag og omskriv klisjéar

Del 1: Lag eigne klisjéar

Lag eigne klisjéar inspirerte av bileta under. Skriv ned minst éin klisjé til kvart bilete.

Døme: Auga hans lyste opp heile rommet.

Del 2: Gjer om klisjéar til meir originalt språk

  1. Sjå på klisjéar du laga til bileta i oppgåve 2, del 1. Forsøk å gjere om to av klisjéane til meir originale setningar, slik at dei ikkje blir oppfatta som ein klisjé.

  2. Vel ei av setningane i oppgåve A og skriv han på tavla. Skriv òg opp klisjéen han var knytt til frå del 1.

  3. Diskuter klisjéar og dei nye setningane frå oppgåve B i fellesskap i klassen. Kva har de forandra på for å få meir originale og friske setningar samanlikna med klisjéane i del 1? Kva må vi passe på for å unngå for mange klisjéar når vi skriv?

Oppgåve 3. Undersøk klisjéar

Ein vegg full av norske suvenirar som koppar, vimplar, troll og kort med elg-motiv. Framme er eit stativ med kort som har motiv frå norsk natur. Foto.

Biletet over er teke frå ein norsk suvenirbutikk. Mange som er i Noreg, kjøper med seg som koppar, klistremerke og kort med , elg, norsk natur og norske flagg.

Del 1

  1. Studer innhaldet på biletet over. Tenk at du jobbar i suvenirbutikken og vil selje produkta til ein turist. Skriv ein kort mellom deg som seljar og turisten.

    • Kva kan du seie for å få selt produktet? Du kan gjerne bruke klisjéar når du skal overtyde kunden.

  2. Øv på replikkane i dialogen saman med ein klassekamerat. Spel dialogen som skodespel framfor heile klassen eller ei gruppe.

Del 2

  1. Kva er det som gjer at suvenirar av troll, elg og fjell og fjord blir selde på norske suvenirbutikkar?

  2. Ein del nordmenn synest norske suvenirar er litt klisjé. Kva kan vere årsaka til det?

  3. Kvifor opplevast noko som klisjé av ein person, men ikkje av ein annan?

Del 3

  1. Kva for nokon suvenirar er typiske for andre land enn Noreg? Vel deg eit anna land enn Noreg.

  2. Finn eit bilete som viser nokre typiske suvenirar frå dette landet (eller teikn ein av suvenirane).

  3. Synest du suvenirane du har funne i oppgåve A er klisjé eller ikkje? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Lær om klisjéar som språklege bilete.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel