Hopp til innhald

Fagstoff

Metafor

Kva betyr det viss vi seier at Aisha er ei stjerne? Dei fleste vil tenke at det betyr at ho er veldig populær. Når vi seier at ho er ei stjerne, bruker vi ein metafor. Lær meir om korleis metaforar fargar språket vårt.

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklart i løpet av teksten:

Metafor
Ein metafor er ei samanlikning utan ordet "som". Eit døme på metafor er "mor mi er ei saks". Denne metaforen fortel forfattaren Gro Dahle meir om i videoen under.
Språkleg verkemiddel
Eit språkleg verkemiddel er eit verkemiddel som forfattaren bruker for å påverke og skape ei bestemt kjensle hos lesaren. Metafor er eit språkleg verkemiddel.

:

Ei kvinne ligg nede i graset og held eit raudt tøyhjarte oppå hovudet. Foto.

Ein metafor er ei samanlikning utan samanlikningsordet "som".

Diktet "Mitt hjerte" av Jens Bjørneboe begynner slik:

Mitt hjerte, det er et barn

(Bjørneboe, 1958)

Jens Bjørneboe kunne ha skrive "Mitt hjerte er som et foreldreløst barn". Då ville vi kalt det ei samanlikning, fordi samanlikningsordet "som" blir brukt. Ei samanlikning utan "som" eller "lik" kallar vi for ein metafor.

Slike metaforar gjer ofte endå sterkare inntrykk enn om du bruker samanlikningsord. Det verkar endå sterkare når Bjørneboe skriv at hjartet er eit foreldrelaust barn, i staden for hjartet er som eit foreldrelaust barn. Når vi bruker metafor, blir beskrivinga framstilt som fakta.

Tenk over

Kvifor opplever vi metaforar endå sterkare enn samanlikningar med ordet "som"?

DØME

metafor

samanlikning

Hjartet mitt, det er eit foreldrelaust barnHjartet mitt, det er som eit foreldrelaust barn
Mor mi er ei saksMor mi er som ei saks

Metaforar og eigenskapar

Dame sit i seng med eit spedbarn på fanget. Foto.

Gro Dahle bruker metaforen "Moren min er en saks" i videoen om språklege verkemiddel. Ho forklarer at ho i ungdomstida følte det som om mora alltid skulle kontrollere henne, at mora var ei saks som nærmast klipte gjennom henne.

Det er ganske vanleg å bruke metaforar for å få fram eigenskapar hos ein person. Då må du tenke gjennom kva for eigenskapar du får fram ved å bruke den metaforen du vel. Ei saks er skarp og kan brukast til å klippe. Ho kan brukast til å endre noko, klippe i stykker noko eller klippe gjennom noko. Slik får vi òg biletet av at mora i diktet forsøker å endre eget i diktet. I ungdomstida er kanskje dette noko som fleire kan kjenne seg igjen i?

Diskuter

Kva for kjensler kan verselinja Moren min er en saks vekke hos lesaren?

Utvida metafor

Ein forfattar kan bruke ein metafor over fleire setningar, eller til og med ein heil tekst. Så ein metafor kan byggast ut, slik at han strekker seg over fleire setningar. Bjørneboe bruker til dømes metaforen "eit foreldrelaust barn" gjennom ei heil .

Mitt hjerte

Mitt hjerte, det er et foreldreløst barn,
det har verken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat og sko,
det har verken seng eller barnetro.
Det har ingen ro. (...)

(Bjørneboe, 1958)

Du kan lese heile diktet "Mitt hjerte" på Boktips.no.

Reflekter

Korleis forstår du strofa over? Diskuter med andre i klassen.

Kjelde

Bjørneboe, J. (1958). Samlede dikt. (2006). Gyldendal.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning, Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel