Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forklar og lag metaforar

Oppgåve 1. Forklar metaforane

Forklar kva metaforane under betyr. Er det nokon enkeltord du ikkje forstår, kan du bruke Lexin for å finne ei forklaring.

  1. Denne erfaringa har vore ei viktig reise for meg personleg.

  2. Ansiktet hans er eit lukka rom. Auga heilt avstengde.

  3. Ho var sola i livet vårt.

Oppgåve 2. Undersøk metaforen i nyttårstalen til kongen

Blid jente med flette, som har på seg strikkegenser, strikkesjal og selbuvottar, held ei raud lykt. Foto.

Les utdraget under frå nyttårstalen til kongen i 2022.

Det er en tid for å se hverandre nå.

Tenk om vi alle hver dag kunne spørre et menneske som kommer i vår vei: Hva kan jeg gjøre for deg?

Tenk hva det kunne føre til av gode opplevelser og øyeblikk! Det koster ingenting, bare litt og ekstra omtanke.

Kanskje dette spørsmålet kunne være en vi bærer med oss gjennom det nye året for å gi hverandre litt lys på mørke kvelder? I lengden er det rett og slett til beste for oss alle at alle har det best mulig.

  1. Finn metaforen i utdraget frå nyttårstalen til kongen.

  2. Korleis kan spørsmålet "Kva kan eg gjere for deg?" vere ei lykt vi ber med oss for å gi kvarandre litt lys på mørke kveldar? Forklar metaforen.

  3. Korleis synest du metaforen i utdraget fungerer? Grunngi svaret ditt.

Du finn heile talen på Det norske kongehuset.

Oppgåve 3. Finn metaforar frå ulike land

  1. Lag ei oversikt over to–tre metaforar du kjenner til på førstespråket ditt. Vel gjerne metaforar som kanskje ikkje er så vanlege på norsk.

    Tips

    Kanskje du kan finne ein metafor frå til dømes ein song, eit dikt eller ei bok? Det er bøker på mange ulike språk på Verdensbiblioteket.

  2. Prøv å omsetje ein av metaforane frå førstespråket ditt i oppgåve A. til norsk. Skriv denne metaforen på tavla. Etterpå prøver dei andre elevane i klassen å forklare metaforen.

  3. Ta ein felles gjennomgang av nokre av metaforane de har funne i oppgåve A. i klassen. Snakk saman om korleis metaforane kan variere noko frå kultur til kultur.

  4. Lag ei oversikt over metaforane i klasserommet eller lag ei digital oversikt som klassen har tilgang til.

Oppgåve 4. Lag eigne metaforar

Lag eigne metaforar inspirert av bileta under. Trykk på pila til høgre i biletet for å byte til neste bilete.

Døme: Ho var ei tikkande bombe og kunne eksplodere når som helst.

Relatert innhald

Lær om metaforar, og korleis metaforar kan brukast som språklege bilete.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel