Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med symbol i bilete og film

Oppgåve 1. Finn symbol i kunst


  1. Korleis har Munch brukt fargar som symbol på kjensler i måleriet Skrik? Diskuter med ein medelev.

  2. Korleis har Munch brukt fargar som symbol på kjensler i måleriet Vampyr? Diskuter med ein medelev.

  3. Skriv ein samanhengande tekst på cirka 200 ord der du samanliknar bruk av fargar som symbol på kjensler i måleria Skrik og Vampyr av Edvard Munch.

    • Strukturer teksten med ei innleiing der du presenterer kunstnaren og begge måleria kort før du samanliknar.

Ein person med open, skrikande munn står på ei bru ved eit hav. Mykje bruk av fargane svart, raud, gul og blå. Måleri.

Skrik av Edvard Munch

Ei raudhåra kvinne omfamnar ein mann. Det raude håret hennar fell ned over begge to. Måleri.

Vampyr av Edvard Munch

Skrivehjelp

Teksten i setningane under forklarer kva du bør ha med når du skal samanlikne to tekstar. Teksten som står punktvis, er meint som hjelpesetningar du kan bruke når du skal skrive ei samanlikning sjølv. Skriv eigen tekst som ein samanhengande tekst.

Innleiing: Presentasjon av forfattar og måleri

  • Edvard var ein norsk kunstnar som levde frå ....

  • Måleriet Skrik blei måla i.... (årstal). Skrik viser ein ... (kort beskriving av kva du ser på biletet)

  • Måleriet Vampyr blei måla i... (årstal). Vampyr viser ein ... (kort beskriving av kva du ser på biletet)

Samanlikning: Kva likskapar er det i bileta? Kva er ulikt?

  • Det er fleire likskapar i korleis fargar er brukte som symbol på kjensler i måleria Skrik og Vampyr. Ha med døme på likskapar. Bruk tekstbindarar som viser likskapar, til dømes til liks med , det same ser vi i, også i dette måleriet ...

  • Det er også nokre forskjellar i korleis fargar er brukte som symbol på kjensler. Ha med døme på forskjellar. Bruk tekstbindarar som viser kontrast, til dømes mens, derimot, i motsetning til.

Modelltekst

Oppgåve: Skriv ein samanhengande tekst der du samanliknar korleis ein illustrasjon frå boka Norske Folkelivsbilleder og måleriet Brudeferd i Hardanger bruker symbol for å framheve det nasjonalromantiske.

Livet på ei seter. Unge kvinner i bunad og dyr i samspel. Måleri.

Illustrasjon henta frå boka Norske Folkelivsbilleder av Tidemand, Adolph og gitt ut av Chr. Tønsberg (Christiania, 1858)

Måleri av ein båt i eit vestnorsk landskap. Ein mann står og skyt i veret, og ein mann sit og speler på ei fele, mens bruda sit fremst i båten. I bakgrunnen bryt lyset fram frå himmelen. Måleri.

Brudeferd i Hardanger av Tidemand og Gude

Svaret:

Brudeferd i Hardanger blei måla av Adolph Tidemand og Hans Gude i 1848. Måleriet viser ein trebåt med eit nygift par og nokre av gjestene deira. I tillegg sit ein mann bakarst i båten og speler på ei fele, mens ein annan mann står oppreist og skyt i veret. Landskapet rundt viser eit typisk norsk landskap frå Hardanger, vest i Noreg, med store, og ein trong fjord. Fargane som er valde, er varme, brungrøne fargar.

Det andre biletet er henta frå boka Norske Folkelivsbilleder, 1858 og er måla av Adolph Tidemand. Biletet viser fleire unge på ei saman med fleire typiske norske gardsdyr, som sauer og kyr. Budeiene er unge, blonde og kledde i bunad. Fargane som er mest brukte er i brungrøne tonar med litt raudt i øvste del av bunadene.

Det er fleire likskapar i korleis det nasjonalromantiske er brukt som symbol på det typisk norske i bileta. I begge bileta har personane på seg bunad, som er eit klesplagg som symboliserer norsk identitet og stoltheit. Den norske naturen blir også ofte brukt som eit symbol på det nasjonalromantiske. Brudeferd i Hardanger viser norske fjordar og fjell, mens biletet frå Norske folkelivsbilete viser typisk natur på ei norsk seter. Bunaden blir vist fram som eit i Norske Folkelivsbilleder i motsetning til i Brudeferd i Hardanger der bunaden blir brukt som . I begge bileta blir likevel bunaden brukt symbolsk for å vise det ekte norske.

Oppgåve 2. Vel eit kunstverk med symbol

Fortel om eit anna kunstverk og symbolbruken i det til ein medelev.

Vel deg eit , gjerne frå eit anna land. Det kan til dømes vere eit måleri, eit fotografi, ein film, eit dikt, ein song eller utdrag frå ein roman.

Oppgåve 3. Finn symbol i kortfilmen Sinna Mann

Biletboka Sinna Mann av Gro Dahle kom ut i 2003. Regissøren Anita Killi har laga ein kortfilm av boka. Filmen handlar om den vesle guten Boj som bur i ein heim der far slår mor.

  1. Kva kan den svarte som kjem ut av faren til Boj symbolisere? Grunngi svaret ditt

  2. Legg merke til bollen med tre fiskar i. Kva for personar i Sinna Mann kan dei ulike fiskane symbolisere? Grunngi svaret ditt.

  3. Den svarte fisken lagar ei boble som sprekk i overflata på fiskebollen, altså heilt øvst i vatnet. Kva kan det at bobla sprekk symbolisere? Grunngi svaret ditt.

  4. Korleis blir fargar brukte for å symbolisere ulike kjensler i filmen? Grunngi svaret ditt.

  5. Symbola som er brukte i kortfilmen Sinna Mann, påverkar korleis vi opplever at den vesle familien har det. Forklar korleis dei påverkar oss.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel