Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med idiom

Øv deg på å finne ut kva ulike idiom betyr, og korleis dei er brukte i tekstar.

Oppgåve 1. Misforståing i arbeidslivet

Sann historie frå arbeidslivet

Har du høyrt om sjukepleiaren som tvinga pasienten til å ete is? Sjukepleiaren var spansk og skjønte ikkje kva legen meinte då hen sa at dei "skulle ha litt is i magen".

  1. Kva betyr idiomet "å ha is i magen"? Slå opp i Lexin viss du er usikker.

  2. Kva meinte eigentleg legen då hen sa at dei "skulle ha litt is i magen"?

    • Kva hadde vore den rette reaksjonen til sjukepleiaren viss hen hadde forstått uttrykket legen brukte?

  3. Har du opplevd liknande misforståingar sjølv? Gå saman i gruppe og snakk om svara på oppgåve 1–3.

Oppgåve 2. Sjå videoen og svar på spørsmåla

Video frå programmet Lindmo på NRK: "Ali Muhammad fortel om norske idiom"

  1. Kva fortel Mohammad om det å lære seg norsk?

  2. Mohammad seier i intervjuet at ord og uttrykk er krydder i språket.

    • Kva meiner han med dette?

    • Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret ditt.

  3. Korleis kan det å lære seg idiom hjelpe deg med å kjenne deg meir heime i det nye språket du lærer?

  4. Kvifor trur du det er ekstra viktig å lære seg idiom i arbeidslivet? Kom med døme på situasjonar som kan oppstå.

  5. Mohammad bruker ganske mange språklege metaforar når han snakkar. Kva uttrykk bruker han? Skriv ned uttrykka og finn ut kva dei betyr.

Oppgåve 3. Idiom i reklame

Skjermdump av annonsekampanje på Instagram. Hender som held ei pannekake og legg blåbærsyltetøy på. Tekst på biletet seier: "Kollektivt til marka? Bare blåbær". Ved sida av biletet står det i ein kommentar: "Høst av skogens grøde! Mange steder kan du reise kollektivt tett på naturen. På flere t-banestasjoner har @dntoslo satt opp skilt som peker deg fram til marka. Ta med et spann og skaff deg noen kilo antioksidanter!"
  1. Kva betyr idiomet "berre blåbær"? Sjekk i ordboka Lexin viss du er usikker.

  2. Kva betyr det å køyre "kollektivt til marka"?

  3. Kva meiner Entur med at det er "berre blåbær" å komme seg til marka?

  4. Kva er formålet med annonsen frå Entur?

  5. Kven er målgruppa til annonsen frå Entur?

  6. Kvifor trur du Entur bruker idiomet "berre blåbær" i denne annonsen?

  7. Korleis speler bilete og tekst saman i reklamen?

Oppgåve 4. Gjett kva for idiom

Klarer du å forklare desse idioma? Diskuter gjerne løysinga med ein medelev før du snur kortet og sjekkar fasit.

Alle bileta i oppgåva er genererte ved hjelp av KI.

Oppgåve 5. Idiom i aviser

Det er ganske vanleg at nyheitssider bruker idiom. Diskuter med ein medelev kva du trur sakene under handlar om ut frå overskriftene. Sjå på fasit etter at de har diskutert.

  1. Flyr ut av butikkhyllene

  2. Slår full alarm om norske bilistar: - No må varsellampene lyse

  3. Aleinemødrene Silje (30) og Lisa (30) slit med å få endane til å møtast: - Middag har vore ein luksus

  4. Legg seg flat etter kritikk

  5. Spesielt éin ting opptek Kolstad-stjerna: - Det knuser hjartet mitt

Fasit

  1. "Flyr ut av butikkhyllene" er ei nyheitssak som handlar om at ei vare er så populær, at ho blir utseld med ein gong.

  2. "Slår full alarm om norske bilistar" handlar om at for mange norske bilistar ventar for lenge med å levere bilen sin til kontroll for å sjekke om alt er i orden.

  3. "Slit med å få endane til å møtast" handlar om ei sak der to småbarnsmødrer fortel om kor vanskeleg det er å ha dårleg økonomi.

  4. "Legg seg flat etter kritikk" handlar om ein artist som angrar på at ein fotograf ikkje blei tilboden pengar for bileta artisten var interessert i å bruke.

  5. "Spesielt éin ting opptek Kolstad-stjerna: - Det knuser hjartet mitt" handlar om ein kjend handballspelar som er veldig lei seg fordi mange barn ikkje har treningshall i nærleiken av der dei bur.

Oppgåve 6. Samanlikning av språk

Jobb saman i par på oppgåve A og B.

  1. Finn to-tre mykje brukte idiom på eige førstespråk. Skriv idioma ned på førstespråket og på norsk. Snakk saman om kva dei betyr.

  2. Lag passande illustrasjonar til idioma i oppgåve A. Lag ein plakat eller ei digital oversikt over idioma de har funne.

  3. Diskuter felles i klassen: Kva betyr idioma? Fortel nokon av idioma noko spesielt om kulturen dei har oppstått i?

Oppgåve 7. Gjett og bruk ordbok

Under er det 20 idiom som er ganske vanlege i norsk språk. Jobb saman to og to. Snakk saman om kva de trur idioma betyr. Prøv deretter å finne ut kva idioma betyr. Bruk ordboka Lexin som hjelp.

  1. Legge noko bak seg

  2. Jo fleire kokkar, desto meir søl

  3. Kaste inn handkleet

  4. Misse hovudet

  5. Vere på tynn is

  6. Ikkje skjønne bæret

  7. Komme til hektene

  8. Vere på rett hylle i livet

  9. På tomannshand

  10. Gi blaffen

  11. Strø salt i såret

  12. Synge på siste verset

  13. Vere hårsår

  14. Få sparken

  15. Komme til hektene

  16. Drite på draget

  17. Hipp som happ

  18. I grevens tid

  19. Hoppe etter Wirkola

  20. Mange år på baken

Forslag til fasit

  1. Legge noko bak seg: gløyme, ikkje tenke på det meir

  2. Jo fleire kokkar, desto meir søl: uheldig viss mange personar er innblanda i ei sak eller eit prosjekt

  3. Kaste inn handkleet: gi opp

  4. Miste hovudet: miste kontrollen fordi ein blir så sint

  5. Vere på tynn is : seie noko utan å vite det sikkert

  6. Ikkje skjønne bæret: ikkje forstå noko

  7. Komme til hektene: komme seg, få det betre etter motgang eller sjukdom

  8. Vere på rett hylle i livet: ein person som trivst der hen er i livet

  9. På tomannshand: privat samtale mellom to personar

  10. Gi blaffen: ikkje bry seg

  11. Strø salt i såret: gjere noko endå verre for ein person

  12. Synge på siste verset: nærme seg slutten, også nærme seg slutten av livet

  13. Vere hårsår: ikkje tole kritikk, bli fort fornærma

  14. Få sparken: få beskjed om at ein har mista jobben

  15. Komme til hektene: bli betre, bli frisk igjen

  16. Drite på draget: dumme seg ut, gjere noko feil eller noko ein blir flau over

  17. Hipp som happ: det same kva ein vel, begge delar er like bra eller dårleg

  18. I grevens tid: komme i siste liten, akkurat rekke noko

  19. Hoppe etter Wirkola: vanskeleg å følge etter nokon som har vore veldig flinke i det dei gjer. Idiomet har den historiske bakgrunnen sin i den norske skihopparen Bjørn Wirkola.

  20. Mange år på baken: vere godt vaksen, ha erfaring på eit område

Oppgåve 8. Bruk idiom i eigne setningar

Bruk nokre av idioma i oppgåve 7 til å lage eigne setningar.

Døme: Eg kasta inn handkleet. Det blei altfor hard motstand for meg!

Oppgåve 9. Set saman idiom og forklaring

Dra forklaringane til riktig idiom.

Oppgåve 10. Finn riktig forklaring til idiomet

Jobb saman to og to. Dra forklaringa til riktig idiom.

Relatert innhald

Lær om kvifor det er viktig å kunne idiom i eit språk.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel