Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv på personifikasjon

Oppgåve 1. Beskriv ei kjensle ved bruk av personifikasjon

Vel deg ei kjensle og beskriv ho ved å bruke ein personifikasjon. Beskriv korleis kjensla kjennest ut til dømes i magen eller i hovudet. Kanskje kjensla har ein spesiell farge eller smak?

Døme:

  • Sjalusien greip tak i magen og fekk tankane til å svartne.

  • Sorga reiv ut hjartet og kasta det i søppelet.

  • Irritasjonen kraup etter henne heile vegen heim frå skulen.

Forslag til kjensler

sorg, sinne, glede, lykke, sjalusi, kjærleik, frykt, redsel, raseri, sakn, smerte, anger, tap...

Oppgåve 2. Personifikasjon i aviser

Setningane under er frå to ulike avisartiklar der det er brukt personifikasjon:

  • Verda måper.

  • Sola kikkar fram over Noreg. Mens sorga framleis er tung, vil solstrålar varme opp delar av landet i dagane framover.

  1. Finn og forklar personifikasjonane i setningane. Bruk ordboka Lexin viss du lurer på betydninga av enkelte ord.

  2. I sitatet over står det "mens sorga framleis er tung". Kva kan dette bety?

  3. I boksen under finn du forslag til fasit. Sjå på forslaga og samanlikn med dine eigne svar.

Fasit

  1. Det at verda måper, er ein personifikasjon. Det betyr at "alle i heile verda" er forskrekka over noko. I denne avisartikkelen er det gode resultat hos ein idrettsutøvar som er bakgrunnen for overskrifta. Idrettsutøvaren er så flink, at "alle i heile verda" blir forskrekka og måper.

  2. I den andre avisteksten er det fleire personifikasjonar. Det at sola kikkar fram over Noreg, er ein personifikasjon. Det betyr at det blir sol. Det at sorga er tung, er ein annan personifikasjon. Det betyr at det framleis er mykje sorg i Noreg.

NB! For å forstå kvifor det er sorg i Noreg, må vi sjå på datoen for når avisartikkelen er publisert. Han er publisert på VG Nett 26. juli 2011, fire dagar etter terrorangrepa i Noreg 22. juli 2011. Då blei 77 personar drepne, og det var det største terrorangrepet i Noreg sidan andre verdskrigen.

Oppgåve 3. Personifikasjon i bilete

Ein utebenk og eit utebord med eit tjukt lag med snø over seg. I bakgrunnen er det tre som er dekte av snø. Foto.

Ta utgangspunkt i biletet ovanfor og lag setningar som inneheld ein personifikasjon. Kor mange klarer du?

Døme: Trea held pusten.

Oppgåve 4. Personifikasjon i måleri

Gammal mann sit på ein stol med hovudet i hendene. Måleri.

Ta utgangspunkt i måleriet ovanfor og lag setningar som inneheld ein personifikasjon. Kor mange klarer du?

Døme: Stolen lyttar til den såre gråten.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning, Cecilie Isaksen Eftedal og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel