Undersøk rim og rytme
I denne oppgåva skal du snu korta ved å klikke på dei for å finne rimord. Du skal finne to og to ord som rimar på kvarandre. Eit døme på to rimord er stopp og topp. Samarbeid gjerne med ein annan i klassen.
Les barneregla "Det er sant at jeg fant" av André Bjerke på Nasjonalbiblioteket.
Korleis blir rim og rytme brukt i barneregla? Forklar og bruk passande fagomgrep. Les om fagomgrepa i artikkelen "Rim og rytme".
Fordel barneregla mellom dykk i ei gruppe i klassen. Lær din del av barneregla utanåt. Øv på rett uttale og rett rytme, og framfør diktet i fellesskap for klassen.
Korleis hjelper rim og gjentaking oss til å hugse tekst lettare?
Jobb saman i par.
Les barneregla "Hvem banker? sa Per Anker" høgt for kvarandre. Øv på rett uttale og rett rytme. Klarer de å lære barneregla utanåt?
Korleis blir rim og rytme brukt i barneregla? Forklar til kvarandre og bruk passande fagomgrep. Les om fagomgrepa i artikkelen "Rim og rytme".
Hvem banker? sa Per Anker
Hvem banker? sa Per Anker
Det er min kone, sa Per Lone
Hva vil hun? sa Per Lund
Kjøpe løk, sa Per Høk
Hvor mange? sa Per Lange
1–2–3–4, sa Per Lire
Ikke fler? sa Per Ler
Det er nok, sa Per Kokk!Kjent norsk barnerim, ukjend forfatter
Vel eit utdrag frå ein songtekst, eit dikt eller ein annan tekst du liker godt, gjerne ein tekst på førstespråket ditt. Du kan finne fleire lenker til dikt og songar frå heile verda under temaet "Regler, sang og musikk" på morsmål.no.
Undersøk korleis rim og rytme er brukt i teksten.
Lag ein digital presentasjon der du forklarer bruken av rim og rytme i den valde teksten din for ein klassekamerat, ei gruppe eller heile klassen. Bruk fagomgrep. Les om fagomgrep til rim og rytme i artikkelen "Rim og rytme".
Jobb saman to og to.
Les diktet "Regn" av Sigbjørn Obstfelder høgt for kvarandre.
Forklar for kvarandre korleis rytmen i diktet er med på å forsterke biletet og kjensla av regndropar mens vi les.
Regn
En er en, og to er to –
vi hopper i vand
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner i dag.Regn, regn, regn, regn,
øsende regn,
pøsende regn,
regn, regn, regn, regn,
deilig og vådt
deilig og råt!En er en, og to er to –
vi hopper i vand,
vi triller i sand
Zik, zak,
vi drypper på tag,
tik tak,
det regner i dag.Sigbjørn Obstfelder, 1893