Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med samanlikningar

Tvillingsøstrer ansikt til ansikt. Foto.

Oppgåve 1. Forklar samanlikningane

Sit saman to og to. Forklar samanlikningane under. Er det ord de ikkje veit kva betyr, så kan de bruke Lexin for å finne ei forklaring. Viss de ikkje forstår nokon av dei samansette orda, så søk på begge orda, til dømes osp+lauv.

  1. Ho gjekk som ei dronning.

  2. Kleda stinka som ein søppeldunk.

  3. Ivan var stolt som ein hane då han viste førarkortet.

  4. Føtene var som gelé.

  5. Han skalv som eit ospelauv.

  6. Katarzyna er sta som eit esel.

  7. Peter såg ut som ei rockestjerne.

  8. Fotografane likna ein flokk gribbar som slost om byttet.

  9. Aida er som ei rose.

  10. Det kjendest som om eg hadde murstein i skoa mine.

Oppgåve 2. Finn samanlikningar frå ulike land

  1. Lag ei oversikt over fem samanlikningar du kjenner til på førstespråket ditt. Vel gjerne samanlikningar som kanskje ikkje er så vanlege på norsk.

  2. Vel ei av samanlikningane frå oppgåve A. og skriv han på tavla på førstespråket ditt og på norsk. Spør om hjelp viss du er usikker på omsetjinga.

  3. Ta ei felles gjennomgang av samanlikningane de skreiv på tavla i oppgåve B. og forklar dei. Kva likskapar og ulikskapar ser de?

  4. Lag ein veggplakat i klasserommet med nokre av samanlikningane de fann i oppgåve A, eller lag ei digital oversikt som alle i klassen har tilgang til. Illustrer gjerne samanlikningane, slik at det kjem fram kva dei betyr.

Oppgåve 3. Lag eigne samanlikningar

Lag eigne samanlikningar inspirerte av bileta under. Varier med å bruke samanlikningsorda lik, som, liksom eller likne. Trykk på pila til høgre på biletet for å byte til neste bilete.

Oppgave 4. Sjå på samanlikning i dikt

Tankefull jente i barnehagen. Foto.

I diktet "Hentet" bruker Johann Grip ein kvardagsleg situasjon – det å bli henta i ein barnehage – og samanliknar han med ein heilt annan type . Les diktet "Hentet" av Johann Grip på Boktips.

Ordforklaringar til diktet "Hentet" av Johann Grip

  1. Tittelen på diktet er "Hentet". Kva tankar får du av denne tittelen?

  2. Finn samanlikninga i diktet "Hentet".

  3. Korleis forstår du samanlikninga i diktet?

  4. Kvifor ønsker eget i diktet å bli henta på same måten som barna i barnehagen?

  5. Diskuter svara dine på A, B, C og D med ein annan elev.

  6. Kva tankar har du om diktet "Hentet" etter å ha snakka om det med ein annan?

  7. Kva har du lært om korleis samanlikning kan brukast som verkemiddel i dikt gjennom å ha jobba med diktet "Hentet"?

Relatert innhald

Lær om samanlikning, og korleis vi kan lage samanlikningar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel