Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk ironi og sarkasme

Ein mann står framfor ei teikning på ein vegg. Teikninga viser bicepsar. Omarbeidd foto.

Oppgåve 1. Ironi og sarkasme

  1. Kva er forskjellen på ironi og sarkasme? Forklar med eigne ord, og bruk passande døme.

  2. Når passar det å bruke ironi?

  3. Når passar det å bruke sarkasme?

  4. Når bør vi vere varsame med å bruke ironi og sarkasme?

  5. Kva kan du leite etter for å forstå ironi og sarkasme i til dømes ein tekst eller ein reklame?

Oppgåve 2. Vurder bruken av sarkasme

Jobb gjerne saman to og to munnleg på oppgåve A og B.

Sjå videoen frå humorprogrammet "Verdens minste kommentatorboks" på NRK før de svarer på oppgåvene.

  1. I videoen kommenterer utsjånaden til folk og samanliknar han med meir eller mindre kjende . Forsøk å forklare litt av sarkasmen og humoren som er brukt. Vis til fleire døme frå videoen, og prøv å finne ut meir om nokre av referansane. Tips: Legg merke til animasjonane og bileta som kjem opp undervegs i videoen. Dei gir ofte eit hint om referanse.

    Døme 1:

    Person: Danmarks nest tregaste mann

    Sarkasme: Tullar med at personen blir treg av å springe med open munn.

    Døme 2:

    Person: Terje Viken

    Sarkasme: Terje Viken heitte Terje Østfold før. Tøysar med byte av namn på norske fylke der Østfold fylke var del av Viken fylke i ein periode.

  2. Er det nokon av kommentarane som du synest går over streken? Diskuter med ein medelev.

  3. Ha ein gjennomgang felles i klassen om dei ulike referansane, humoren og språkbruken.

Oppgåve 3. Vurder bruken av ironi

Sjå humorvideoen frå NRK om mobilforbod før du svarer på oppgåvene.

  1. Korleis blir humor brukt i teiknefilmen? Vis til fleire døme.

  2. Korleis blir ironi brukt for å få fram poenget om at vaksne òg er ganske avhengige av mobil og sosiale medium?

  3. Kvifor trur du dei som har laga videoen bruker ironi og satire for å få fram bodskapen sin?

Oppgåve 4. Vurder bruken av ironi

I den korte humorvideoen under er det ein kval som sit i kassa og tek imot betaling, mens det er eit menneske som handlar varer. Sjefen på butikken er ein sel.

Sjå humorvideoen frå NRK om plastposebruk før du svarer på oppgåvene.

  1. Kva er ironien i denne filmen?

  2. Korleis blir humor brukt i teiknefilmen? Vis til fleire døme.

  3. Kvifor trur du det er valt ein kval som butikktilsett og ein sel som sjef? Viss du synest det er vanskeleg å svare på, kan du kanskje få litt hjelp i nedtrekkboksen under.

    Tips

    Du kan lese meir om problemet med at dyr, mellom anna kval, et plastsøppel og blir sjuke i artikkelen "plasthvalen" i Store norske leksikon.

  4. Kvifor trur du dei som har laga videoen bruker ironi og satire for å få fram bodskapen sin?

Oppgåve 5. Lag ein dialog med ironi

Jobb saman to og to.

  1. Skriv ein mellom to personar der ironi fører til ei misforståing i ein situasjon på jobb. Ha med ei løysing på misforståinga.

  2. Øv på i dialogen over. Framfør som eit skodespel for heile klassen eller ei mindre gruppe.

Oppgåve 6. Lag ein reklame med ironi

Jobb saman to og to.

  1. Lag ein reklame der de bruker ironi som eit verkemiddel. De kan til dømes lage ein reklame for eit produkt eller ein jobb. Pass på at reklamen ikkje opplevast som støytande for nokon.

  2. Vis fram reklamen for resten av klassen eller ei gruppe. Forklar korleis de har brukt ironi som verkemiddel i reklamen.

Oppgåve 7. Lag ein teikneserie med ironi eller sarkasme

Mange teikneseriar bruker humor, ironi og sarkasme som eit verkemiddel.

  1. Lag di eiga teikneseriestripe der du bruker ironi eller sarkasme som verkemiddel. Søk opp til dømes teikneseriestriper frå Lunch, Nemi, Donald Duck eller & Tommy Tiger'n som inspirasjon. Du kan teikne sjølv eller bruke teikneserieverktøy som til dømes Cartoon i Creaza som hjelp.

Relatert innhald

Les om ironi som språkleg verkemiddel.


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel