Hopp til innhald

Fagstoff

Besjeling

"Ho stod framfor det gamle hotellet. Det ropte mot henne. Dei gamle dørene skreik idet ho forsiktig opna og kikka inn." Kva skjer med ein tekst når du skriv at eit hotell roper og har dører som skrik? Lær meir om verkemiddelet besjeling.
Eit gammalt kvitmåla hotell med fjell i bakgrunnen. Det er natt, men fullmåne. Foto.

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Besjeling
Besjeling er når noko konkret, som til dømes ein gjenstand eller eit dyr, får menneskelege eigenskapar – til dømes at huset lo høgt då han gjekk.
Språkleg verkemiddel
Språklege verkemiddel er ulike verkemiddel som forfattaren bruker for å påverke eller skape ei bestemd kjensle hos lesaren. Besjeling er eit språkleg verkemiddel.

"Døde" ting blir levande

Besjeling er når vi gir noko konkret som ikkje er menneskeleg, menneskelege eigenskapar. Gjenstandar og dyr får eigenskapar som menneske vanlegvis har. Besjeling betyr "med sjel". Besjeling er veldig vanleg både i kvardagsspråket og i litteraturen. Nokre døme er:

  • Blomstrane sovna for kvelden.
  • Huset skrik etter måling.

Fire pærer med påteikna ansiktsuttrykk. Pære nummer ein frå venstre ler med lukka auge, pære nummer to smiler, pære nummer tre ser ned, mens pære nummer fire kikkar opp med ein litt irritert munn og litt irriterte auge. Foto.

Besjeling vekker kjensler

Besjeling vekker kjensler hos lesaren, som til dømes sorg eller glede. Ved å bruke besjeling prøver forfattaren å skape ein tettare kontakt med lesaren. Av og til kan besjeling òg verke overraskande og gjere teksten meir interessant og levande. Vi får ein annan nærleik til tinga når dei plutseleg kan snakke, le og oppføre seg menneskeleg, på godt og vondt.

Sjå på dette diktutdraget:

De har glemt at de er i slekt med skogene

Stillhetens stemmer
hvisker lavere nå
når de er ute av regnskogen
og stryker langs veggene til
menneskenes høye, kalde byggverk.

(...)

Utdrag frå diktet "De har glemt at de er i slekt med skogene" av Stig Holmås, 2021

Tenk over

Korleis blir stilla gjord levande i diktutdraget over? Kva kjensler kan denne besjelinga vekke hos oss som lesarar?

Bruk av besjeling i reklame

I reklame er det ganske vanleg å bruke besjeling for å påverke oss til å kjøpe noko. Reklame speler på kjenslene våre. Sjå på desse to døma:

  • Bilen din lengtar etter nye, piggfrie dekk!
  • Whiskas – viss katten sjølv får velje!

Tenk over

Korleis blir reklamen i døma over meir personleg gjennom bruk av besjeling?

Besjeling i eit dikt

Forfattarar kan bruke besjeling for å vekke kjenslene til lesarane. Diktet "Landskap med gravemaskiner" av Rolf Jacobsen er eit godt døme:

Ordforklaringar

Baken
Baken er her eit synonym for rompa. Det betyr altså bak på gravemaskina, "rompa" på gravemaskina.
Kjeften
Kjeften er det same som munnen.
Skaft
Skaftet er handtaket på ein reiskap. Her: eit langt handtak.
Munnvik
Munnvika er staden der over- og underleppa heng saman.
Løvetann
Løvetann er ein type blomar.
Skapning
Ein skapning er noko som lever, eit levande vesen.

De spiser av skogene mine.
Seks gravemaskiner kom og spiste av skogene mine.
Gud hjelpe meg for en skapning på dem. Hoder
uten øyne og øynene i baken
.
De svinger med kjeftene på lange skaft
og har løvetann i munnvikene.
(...)

(Utdrag frå diktet "Gravemaskiner" av Rolf Jacobsen, 1954)

Ei stor, gul gravemaskin i utkanten av ein skog. Foto.

I diktutdraget blir naturen og gravemaskinene gjorde menneskelege. Naturen er "eget" i diktet og har blitt besjela ved at han kan snakke. Gravemaskinene får òg ein slags menneskeleg utsjånad, som hovud, auge, rompe (bak) og munn (kjeft), men ingenting er plassert der det skal vere: Hovuda er utan auge, auga er plasserte på feil stad, og kjeftane deira sit på lange skaft.

Tenk over

Korleis opplever du gravemaskinene når dei er beskrivne slik som i diktet?

Kjelder

Jacobsen, R. (1954). "Landskap med gravemaskiner" frå Hemmelig liv. Gyldendal.

Holmås, S. (2021). "De har glemt at de er i slekt med skogene" frå Dagene er blitt fortere nå. Gyldendal.

CC BY-SASkrive av Cecilie Isaksen Eftedal, Marion Federl og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel