Hopp til innhald

Fagstoff

Allegori

Kjenner du til forteljingar som beskriv ei reise? Det er ganske mange reisehistorier i litteratur og film. Ofte kan reisa tolkast som noko meir enn den fysiske reisa. Det er vanleg å tenke at reisa òg er eit bilete på livet. Ei slik form for samanlikning kallar vi for allegori.
Fem ungdommar på ein flyplass. Fire ungdommar står, mens ein sit på bagasjetralla. I bakgrunnen visast ei informasjonstavle. Foto.

Før du les

Desse omgrepa blir brukte og forklarte i løpet av teksten:

Allegori
Allegori er når ein heil tekst kan forståast som eit bilete på noko anna. Teksten kan lesast konkret, men òg som eit bilete på noko anna og større.
Fabel
Fabel er ei kort forteljing med ein moral. Fabelen kan ofte lesast allegorisk.

Kva er allegori?

Ein allegori er ein tekst du kan tolke som eit bilete på noko anna. Allegoriske tekstar fortel ei historie der du kan tolke heile tekstar som eit bilete på noko anna og større. Nokre gonger blir allegorien brukt for å få fram ein

Visste du at ...

ordet allegori er henta frå gresk og betyr "å tale annleis, å tale i bilete"?

En hare og ei skilpadde tar seg fram på en sti. Det vokser blomster langs stien, og det er et skilt med påskriften MILES. Illustrasjon.

I fabelen om haren og skjelpadda er det skjelpadda som vinn ein løpekonkurranse fordi han er så klok. Kva kan denne fabelen vere eit bilete på viss vi tenker oss at dyra eigentleg framstiller oss menneske?

Allegori i fablar og forteljingar

Ein fabel er ei kort dyreforteljing. Avslutninga er ofte ein eller ein moral som skal sikre at lesaren får med seg poenget.

I fabelen er det ikkje eigentleg dyreverda vi møter, men menneskeverda.

Du kan lese fabelen "Haren og skilpadden" på Nasjonalbiblioteket.

Tenk over

Kva for andre fablar eller eventyr kjenner du til som vi kan forstå allegorisk?

Allegori i ein roman

Et gammelt seilskip på åpent hav. Illustrasjon.

Korleis kan livet om bord i ei seilskute illustrere livet blant menneske som lever tett på kvarandre andre stader?

Romanen Haiene av Jens Bjørneboe er eit godt døme på ein tekst som kan lesast som ein allegori. Boka blei gitt ut i 1974. Det er ein spenningsroman, og han handlar om ein over Det indiske hav vinteren 1899−1900.

Seglbåten i Haiene kan lesast allegorisk som eit bilete på verda, og menneska om bord representerer ulike folkegrupper på jorda. blir behandla dårleg. Dei får dårleg mat og lite lønn. derimot har mykje makt og rikdom. Det blir konfliktar mellom dei ulike yrkesgruppene om bord på båten. Du kan lese konfliktane i boka som ein allegori til konfliktar og krigar i verda fram til i dag.

Revhai. Foto.

Tenk over

Haien er eit rovdyr som ofte blir sett på som grådig og blodtørstig. Kva kan vere årsaka til at Jens Bjørneboe gav boka tittelen Haiene? Sjå forslag i boksen "Fasit" under.

Fasit

I boka Haiene av Jens Bjørneboe blir haien eit bilete på mennesketypen som oppfører seg grådig og dårleg for å få makt. Tittelen Haiene understreker likskapen mellom oppførselen til rovdyret hai og mennesket.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning , Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 27.10.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel