Hopp til innhald
Fagartikkel

Rim og rytme

Liker du å høyre på musikk? Rim og rytme er verkemiddel som språket deler med musikken. Artistar og diktarar leikar seg ofte med ord gjennom rim og rytme. Kanskje har du lagt merke til at tekst kan vere lettare å hugse når noko rimar?

Før du les

Sjå nærmare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Språkleg verkemiddel
Språklige verkemiddel er verkemiddel som forfattaren eller kunstnaren bruker for å påverke eller skape ei bestemd kjensle hos lesaren.
Rim
Rim er lik eller ganske lik lyd i to eller fleire ord.
Rytme
Rytme er eit regelmessig skifte i til dømes musikk.
Staving
Ei staving er anten eit ord eller ein del av eit ord som består av ein vokal og éin eller fleire konsonantar. Du finn stavinga ved å klappe ord. I ordet "danse" er det to stavingar: dan–se, mens i ordet "verkemiddel" er det fire stavingar: ver–ke–midd–el.

Kva er rim?

Rim er lik eller ganske lik lyd i to eller fleire ord. Det finst mange ulike typar rim:

Stavingsrim
Vi kallar det stavingsrim når rimorda sluttar likt. Døme: så–gå, lik–slik, hoppe–stoppe.
Halvrim
Halvrim er når det ikkje er eit fullstendig rim, men berre ein lyd som liknar, til dømes der berre konsonantane eller berre vokalane rimar. Døme: imot–sol.
Enderim
Enderim er når dei siste orda i ei verselinje i eit dikt rimar.

Døme:

Hans hjerte var nær ved å ,
men det var der ingen som visste.

(Bjørnstjerne Bjørnson, 1870)

Alliterasjon

Alliterasjon er ein type rim der rimorda begynner likt. Rimorda må følge ganske raskt etter kvarandre, og dei må ha trykk. Alliterasjon blir òg kalla bokstavrim.

Døme:

  • stor og stygg

  • "Nissen satt en natt og frøs, slik at nissens nese nøs." (André Bjerke)

I "stor og stygg" er det s-en i starten av "stor" og "stygg" som rimar. I den andre setninga er det "nissen", "natt", "nissens", "nese" og "nøs" som er bokstavrim.

Både reklamefolk, journalistar, diktarar og andre liker å leike seg med alliterasjon. Det finst òg mange faste uttrykk i språket som bruker allitterasjon:

  • Skipet gjekk ned med mann og mus.

  • I hui og hast blei han køyrd til sjukehuset.

  • Dei måtte spinke og spare for å få råd til ferie.

Tenk over

Klarer du å finne bokstavrima i dei tre uttrykka over?

Fasit på bokstavrim og forklaring på kva dei tre uttrykka betyr

Bokstavrim i setningane:

Setning 1: mann og mus

Setning 2: hui og hast

Setning 3: spinke og spare

Skipet gjekk ned med mann og mus.
Skipet sokk med alle om bord.
I hui og hast blei han køyrd til sjukehus.
Han blei send fort til sjukehus fordi det hasta og var alvorleg.
Dei måtte spinke og spare for å få råd til ferie.
Dei hadde ikkje så mykje pengar, og derfor måtte dei spare ein del av pengane sine for å kunne reise på ferietur.

Kva er rytme?

Når vi snakkar om fast rytme i ein tekst, tenker vi eigentleg på ei mellom tunge og lette stavingar. Mange dikt har eit slikt fast grunnmønster, til dømes diktet "Fattern elska rødvin" av Arild Nyquist. I dette diktet er annakvar staving tung og lett. Vi legg ekstra trykk på Fattern, Mozart, Muttern og Stones, mens vi har mindre trykk på muttern og Rolling. Når vi er bevisste trykket på denne måten, blir det automatisk ein fast rytme.

Fattern elska
og
fattern elska
og muttern vannmelon.

(Nyquist, 1984)

I videoklippet under blir takten klappa til barnesongen "Gubben Noa". Då kjem rytmen veldig tydeleg fram.

Gjentaking som skaper rytme i dikt

Diktet "Regn" av Sigbjørn Obstfelder er mykje brukt i norske barnehagar og skular. Her er det ein tydeleg rytme gjennom gjentakinga av ordet "regn". Vi kan nærmast kjenne og høyre regnet som dryp nedover når vi les diktet.

Regn

En er en, og to er to –
vi hopper i
vi triller i sand.
Zik zak,
vi drypper på ,
tik tak,
det regner i dag.

(Sigbjørn Obstfelder, 1893)

Kjelder

Bjørnson, B. (1870). Digte og sange.

Nyquist, A. (1984). Mr. Balubers trompet. Aschehoug.

Obstfelder, S. (2000) Verden er ny. Den norske Lyrikklubben.

Relatert innhald