Hopp til innhald

Fagstoff

Samanlikning

Samanlikning er eit språkleg bilete. Det kan beskrive nokon eller noko på ein original eller overraskande måte. Kva fortel det til dømes om ein person når vi samanliknar personen med ei løve?
Ei vaksen hannløve ligg og ser utover området sitt i ein dyrehage. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Samanlikning
Når vi samanliknar noko, og bruker samanlikningsord som lik, som, liksom eller likne, kallar vi det for samanlikning. Eit døme på samanlikning er: Aida er lur som ein rev.
Språkleg verkemiddel
Språklig verkemiddel er ulike verkemiddel forfattaren eller kunstnaren bruker for å påverke lesaren eller skape ei bestemd kjensle hos hen. Samanlikning er eit språkleg verkemiddel.
Språkleg bilete
Språklige bilete er ord og uttrykk med overført betydning. Det betyr at orda er eit bilete på noko anna enn det som står. Samanlikning er ein type språkleg bilete.

Samanlikning

Det finst mange typar språklege bilete. Alle språklege bilete inneheld ei samanlikning: Kallar vi nokon for eit esel eller ein bjørn, meiner vi eigentleg at personane har som minner om desse dyra.

Bjørnen er kjend for å vere sterk, mens eselet er kjent for å vere sta. Når samanlikninga blir gjord gjennom samanlikningsord som lik, som, liksom eller likne, kallar vi det språklege biletet for samanlikning. Her får du fleire setningar som inneheld samanlikningar:

  • Hannah er som ei rose.

  • Ho likna ein katt med dei elegante bevegelsane sine.

  • Læraren smiler som ein svolten ulv.

  • Fotografane likna ein flokk som slost om .

  • Han såg ut som ein stor, koseleg bamse.

  • Du er sta som eit esel.

  • Ivan såg ut som ei rockestjerne.

  • Det kjendest som om eg hadde murstein i skoa mine.

Samanlikning som verkemiddel i songtekst

I barnesongen Se min kjole av Gunnar Nyborg Jensen er det brukt fleire samanlikningar. Du kan finne heile songen "Se min kjole" på Nasjonalbiblioteket.

Se min kjole, den er grønn som gresset,
alt hva jeg eier, det er grønt som den

Se min kjole, den er blå som havet,
alt hva jeg eier, det er blått som den

Ein annan song som bruker samanlikning, er songen Josefin av Albin Lee Meldau. Døma under er starten på tre ulike songvers:

Hun danser som en sommervind

Du faller som et sommerregn

Hun forsvant like fort som en morgendag

Tenk over

Kva fortel samanlikningane i songen Josefin om mellom personane i songen?

Samanlikningar i ulike land

På polsk er desse samanlikningane med dyr vanlege:

  • zdrowy jak ryba – frisk som ein fisk

  • głodny jak wilk – svolten som ein ulv

  • pracowity jak pszczoła – arbeidsam som ei bie

  • dumny jak paw – stolt som ein påfugl

  • cichy jak mysz – stille som ei mus

  • chudy jak szczur – tynn som ei rotte

  • sprytny jak lidast – listig som ein rev

  • silny jak byk – sterk som ein okse

Tenk over

Er det nokon av samanlikningane frå Polen du kjenner igjen frå eige førstespråk? Kjenner du til nokon samanlikningar i førstespråket ditt som kanskje ikkje er så vanlege i det norske språket? Diskuter med andre i klassen.

Somme samanlikningar kan fungere i mange land, mens andre kanskje blir forståtte best i ein bestemd kultur. Då er det ikkje sikkert samanlikninga er så lett å forstå for alle.

Viss du ikkje forstår samanlikninga, kan det vere lurt å spørje ein lærar, eller andre som kjenner godt til det norske språket, om kva samanlikninga betyr. Du kan òg bruke ordboka Lexin.

Ein påfugl med grøne fjører med blått og gult i har fjørene slått ut i all si prakt. Foto.

Kjelder

Grip, J. (2003). "Hentet" frå Enkle dikt. Oslo: Cappelen Damm.

Jensen, G (2002). "Se min kjole" frå Den store barnesangboka. Bokklubbens barn.

Meldau, A.L. (2021). "Josefin".

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning , Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel