Hopp til innhald

Fagstoff

Symbol

Du har heilt sikkert teikna eit hjarte ein gong, kanskje saman med eit namn på nokon du er glad i? Hjartet blir då brukt som eit symbol på kjærleik. Eit symbol er ein konkret ting som står for litt meir eller noko anna enn seg sjølv. Lær meir om korleis vi bruker symbol.
Gammal, uttørka og mørkna treplanke med påmåla raudt hjarte. Foto.

Før du les

Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:

Symbol
Eit symbol er ein ting som står for litt meir eller noko anna enn seg sjølv.
Kulturbestemde symbol
Kulturbestemde symbol er symbol som blir forståtte på ein bestemd måte innanfor ein bestemd kultur.
Litterære symbol
Eit litterært symbol er noko som har ein konkret funksjon i teksten, men som i tillegg får ei vidare overført betydning. Til dømes kan årstida vår vere eit symbol på ungdommelegheit og ungdom, mens årstida haust kan vere eit symbol på alderdom og det å bli gammal.

Kulturbestemde symbol

Eit symbol er eit teikn som står for noko anna enn seg sjølv. La oss ta nokre døme:

  • Det matematiske teiknet + er eit symbol. Det betyr å legge saman (addere).

  • Bokstavar er symbol for lydar. Bokstaven A er eit symbol for vi lagar med open munn.

  • Trafikkskilt er symbol. Det er eigne symbol for STOPP eller FORBODE.

Kva eit symbol står for, kan vere ulikt frå kultur til kultur. Bruker vi eit flagg som døme, kan det hende det berre blir oppfatta som eit stykke tøy med eit bestemt mønster i bestemde fargar − i alle fall viss vi aldri har sett eit flagg før. Vi må først lære oss kva flagget står for, på same måten som vi må lære oss bokstavar og trafikkskilt.

Finsk, norsk, svensk, islandsk og dansk flagg blafrar i vinden. Foto.

Symbol og betydning

Det kan somme tider vere vanskeleg å sjå ein klar samanheng mellom eit symbol og kva det betyr – spesielt når vi tenker på matematiske teikn og bokstavar. Men det er ofte ein samanheng mellom symbolet og kva det betyr. Det oppdagar vi når vi tenker oss litt om.

Det at hjartet symboliserer kjærleik, er kjend over store delar av verda. Det kan ha samanheng med at hjartet i mange kulturar er staden for kjensler, mens hjernen er staden for fornuft.

Kvifor trur du eit på eit skip blir brukt som symbol på håp? Ankeret sørger for at skipet ligg trygt i hamn. Ankeret gir altså tryggleik, og det kan knytast til håp. Dersom vi tenker etter, kan vi altså ofte finne ein naturleg samanheng likevel.

Eit sølvfarga smykkeanheng med eit anker, eit hjarte og ein kross. Foto.

Fargar som symbolske teikn

Det er ganske vanleg å bruke fargar symbolsk. Kva fargar symboliserer, kan variere over tid, mellom land, og i kva samanheng dei blir brukte. Det er likevel nokre internasjonale fargesymbol som er like i mange land. Det gjeld til dømes signal som trafikklys for tog, skip, båt og fly – der fargane raud, oransje og grøn symboliserer det same på tvers av land og nasjonar.

Trafikklys som viser raudt lys, grøn pil og raud menneskefigur. Foto.
Meir om bruk av fargar som symbolske teikn
Kvitt
symboliserer ofte lys, uskyld, reinleik og fred. I Romarriket blei kvitt brukt for å uttrykke sorg, slik kvitt òg blir forstått i Japan.
Svart
symboliserer ofte død og sorg.
Grått
kan symbolisere saklegheit og . Grått kan òg stå for det ubevisste.
Raudt
er fargen til blodet og symboliserer liv, energi og kjærleik. Men raudt kan òg symbolisere lidenskap og . I enkelte land, til dømes Kina, står raudt for rikdom.
Rosa
symboliserer ofte sensibilitet og romantikk.
Blått
symboliserer ofte truskap og stabilitet.
Fiolett
kan symbolisere åndelegheit, verdigheit og visdom. Fiolett kan òg symbolisere mystikk. Fiolett er ein sentral farge i .
Purpur (blåraud farge)
er kjend sidan som ein svært kostbar farge som har blitt brukt til farging av klede. Purpur symboliserer makt og rikdom.
Turkis
er ein blågrøn farge som kan symbolisere vennskapar, dialog og .
Gult
kan symbolisere og varme, lys og håp. I mange land i Asia blir gult forstått som uttrykk for god helse og framgang. Gult er ein sentral farge i .
Oransje
står for energi, optimisme og livsglede. I buddhismen er oransje ein sentral farge.
Grønt
står for natur og vår, liv og . Grønt kan òg stå for , misunning eller sjalusi. For muslimar symboliserer grønt islam.
Brunt
symboliserer stabilitet, det kvardagslege og heimslege. Som politisk farge er brunt historisk sett knytt til .


Kjelde: https://snl.no/fargesymbolikk

Tenk over

Kva symbol kjenner du til? Veit du om nokon symbol som blir brukte ulikt i Noreg samanlikna med andre land du veit om? Tenk på både litteratur, kunst og klede.

Litterære symbol

Ein forfattar kan skape sine eigne symbol i ein tekst. Slike symbol kallar vi litterære symbol. Eit litterært symbol er noko som har ein funksjon i teksten, men som i tillegg får ei vidare overført betydning.

I eventyr møter hovudpersonen ofte på eit , ei eller eit dyr som har ein symbolsk funksjon. Ulven symboliserer ofte grådigheit, og i eventyret Raudhette og ulven er ulven veldig vond og et opp både bestemora til Raudhette og Raudhette sjølv. Ulven er den slemme i eventyret. Han lurer Raudhette til å gå stader der ho har lova mor si at ho ikkje skal gå.

Dokketeaterscene ute i det fri. Raudhette møter ulven. Foto.

Tenk over:

Veit du om nokon fleire eventyr der det blir brukt symbol?

Sinna mann

Animasjonsfilmen Sinna mann er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus. Filmen handlar om den vesle guten Boj som bur i ein heim der far slår mor. Det er den norske animatøren og regissøren Anita Killi (f. 1968) som har laga filmen.

Teikning av ein stor mann med utstrekte armar og ein svart figur teikna inn i midten. Den svarte figuren strekk òg armane ut og ned mot oss. Illustrasjon.

Symbolbruk i skrift

Har du tenkt over kor mange symbol du bruker viss du skriv ei melding på mobiltelefon? Det har blitt veldig vanleg å bruke symbol i skrift – såkalla emojiar. Vi bruker ein emoji med smilefjes for å vise at vi er glade og ein emoji med tårer for å vise at vi er triste. Slike symbol er framleis mest vanleg i privat kommunikasjon.

Sett med 24 ulike emojiar oppstilte på rekke og rad. Illustrasjon.

Tenk over

Kva fordelar og ser du ved bruk av emojiar i kommunikasjonen vår med kvarandre?

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2023

Læringsressursar

Språklege verkemiddel