Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med gjentaking i ulike tekstar

Oppgåve 1. Gjentaking i Sinna mann

  1. Gi døme på bruk av gjentaking frå kortfilmen Sinna mann.

  2. Tittelen på kortfilmen er Sinna mann. Korleis blir gjentaking brukt i og i det visuelle (i bileta) for å få fram at faren ofte er sint?

  3. Korleis gjer bruken av gjentaking at vi får sympati og medkjensle for den vesle guten som er hovudperson i kortfilmen?

Oppgåve 2. Gjentaking i tale

Les kongens tale "Nyttårstalen 2023" på Det norske kongehuset. Til høgre på nettsida finn du òg video av at kongen les opp talen sin.

  1. Finn døme på gjentaking frå første delen av talen.

  2. Korleis forsterkar bruken av gjentaking viktige poeng kongen vil ha fram? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3. Gjentaking i tale

talen "Et bedre arbeidsliv for unge" av tidlegare arbeids-og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen på regjeringa.no.

  1. Finn døme på gjentaking frå talen.

  2. Korleis forsterkar bruken av gjentaking Marte Mjøs Persen sin bodskap om at det trengst eit betre arbeidsliv for unge? Grunngi svaret ditt.

  3. Talen er halden framfor unge som jobbar med handel og kontor. Korleis bruker Marte Mjøs Persen gjentaking som verkemiddel for å skape nærleik og fellesskap med dei? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 4. Skriv eigen tale

Skriv ein tale der du bruker gjentaking som verkemiddel.

  1. Tenk at du skal halde ein tale til ein god venn eller ein arbeidskollega. Bestem deg for kva som skal vere bodskapen i talen din. Kva er det viktigaste du vil få fram om den gode vennen eller arbeidskollegaen din?

  2. Framfør talen for klassen eller ei mindre gruppe i klassen. Pass på at du snakkar høgt og tydeleg, har god kontakt med publikum og passe tempo når du snakkar.

  3. Kva verknad har bruk av gjentaking i talar? Snakk saman om dette i felleskap i klassen når de har framført nokre av talane.

Kongen taler før kopien av Osebergskipet blir sjøsett. Foto.

Oppgåve 5. Diktanalyse

Les diktet "Kjente jeg deg?" av Rolf Jakobsen på Boktips.

Tips

  • Prøv å bruke fagspråk når du fortel om diktet. Hugs at ei linje i eit dikt blir kalla ei verselinje. Då blir det første verselinje, andre verselinje og så vidare.

  • Ei strofe er ei gruppe verselinjer som er sette saman. I eit dikt er ei strofe det vi kallar for eit vers i ein song.

  • Nokre dikt er delte inn i fleire strofer, mens andre berre har éi strofe. Då blir det første strofe, andre strofe og så vidare.

  • Mange dikt har ein tittel, men ikkje alle. Tittelen er namnet på diktet, og viss diktet har ein tittel, står tittelen åleine øvst i diktet.

  1. Kvar er det brukt gjentaking i diktet "Kjente jeg deg"?

  2. Korleis forsterkar bruken av gjentakinga forholdet mellom eg-et og deg-et i diktet?

Relatert innhald

Ei forklaring på kva det språklege verkemiddelet gjentaking er, og korleis det kan brukast.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Lønning.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2024

Læringsressursar

Språklege verkemiddel