Hopp til innhald

Norsk kort butid (SF vg1) – ferdig 2025

Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.

Språket som system og mogelegheit

Språk er lydar som er sette saman for å skape meining. Vi bruker lydane til å bygge ord, og vi set saman ord til setningar etter bestemde reglar. Språket tilbyr oss òg ei mengd verktøy, slik at vi kan få sagt og skrive alt vi vil – i alle fall nesten!

Språklege verkemiddel

Du møter sannsynlegvis språklege verkemiddel kvar dag – både når du lyttar til musikk, ser videoar på sosiale medium, ser reklame og les bøker. Faktisk bruker du dei kanskje sjølv også? Vi seier at vi fargar språket med orda vi vel. Lær meir om språklege verkemiddel!