Forklaringsartikkel
Flat nebbtong
Den flate nebbtonga gir deg presis kontroll når du skal gripe, bøye eller forme metall. Tonga er eit uunnverleg verktøy for både finmekanikk og elektrisk arbeid.

Nebbtong
Kva er ei flat nebbtong?
Ei flat nebbtong er ei handhalden tong med lange, smale og flate kjeftar. Tonga kan du bruke når du skal gripe små delar, bøye tynn metalltråd og halde fast delar under arbeid. Fordi tonga er smal, er ho lett å bruke på plassar der det er trongt og vanskeleg å komme til.
Flat nebbtong er eit viktig verktøy for elektrikarar, mekanikarar og smykkemakarar. Ho er nyttig når ein formar koparleidningar, monterer små elektroniske delar, eller når ein må gjere finjusteringar i maskinarbeid.