Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel
Video

Handsirkelsag

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Handsirkelsager finst i mange ulike storleikar og med varierande kapasitet når det gjeld kuttdjupn. Ein kan variere kuttdjupn og vinkel. Saga blir brukt til både kapping og kløyving. For å kløyve ei fast breidd kan ein montere eit anlegg, som er ein type tilleggsutstyr til saga.

HMS: Det er særs viktig å passe på at vernedekselet glir lett på plass og dekkjer sagbladet når ein ikkje sagar i materialet. Saga på biletet er påmontert eit avsug for å unngå støvspreiing. Det er stor fare for å kome i kontakt med bladet dersom ein held handa på undersida av materialet ein sagar i. Ein må bruke høyrselsvern og vernebriller når ein bruker saga.

Skrive av Magne Vågsland.
Sist oppdatert 17.11.2021