Forklaringsartikkel
Tonar

Bilete: Maskot / CC BY-NC 4.0
I musikkverda finn vi tonar i form av frekvensar. Desse kan givast att av instrument og røyster.
Vi har ein serie med toner som harmoner med kvarandre i skala (C, D, E, F, G, A og H). Desse utgjer det vi kallar stamtonerekkja. I ein naturskala har vi uendeleg mange tonar. Dersom ein tone berre inneheld éin frekvens, blir han kalla rein eller enkel. Ein samansett tone består av fleire frekvensar (grunntone + overtonar).
Høgtalarar gir att høge tonar/frekvensar i diskantområdet og dei djupe i bassområdet. Alle tonar mellom bass og diskant blir gitt att i mellomtoneområdet.