Forklaringsartikkel
Kniv for bereline

Bilete: Dag Olav Lereim / CC BY-SA 4.0
Når vi jobbar med luftkabel, har han ofte ei bereline (unntak: kombikabel). Når berelina og kabelen må splittast, bruker vi denne typen kniv, som vi ser to modellar av her.
Ein må vere forsiktig når ein jobbar med dette, sidan det er fort gjort å skade seg eller lage eit kutt i kabelen. Den svarte kniven blir òg kalla «sjustingskniv» sidan fleire har kutta seg i neven (tommel-leddet) med han. Denne kniven blir gjerne brukt saman med ein kraftavbitar.