Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

TEK

TEK er forkortinga for byggteknisk forskrift. Denne forskrifta tek for seg krav til bygningar.

Det er ei stor forskrift som også beskriv kva som gjeld for uteareal, utnyttingsgrad av eigedom, berekningar, konstruksjon, miljø, inneklima og helse, installasjonar og anlegg, energi, brann og heisar.

Vi har denne forskrifta for å sikre at hus og bygningar har ein minstestandard gjennom heile prosessen. Det gjeld alt frå kor stor bygningen er, til korleis han kan plasserast i terrenget, og korleis vi sikrar byggverket både ved både konstruksjon, materiale og sjølve bygginga.

Sikkerheit ved brann: Kor mykje toler dører, betong og treverk om det oppstår brann? Sikkerheit i og mellom bygningar: Brannklassar og bereevne er to av mange forhold forskrifta viser til.

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 21.06.2021