Forklaringsartikkel
U-verdi

Snitt av trevegg med isolasjon tetting og kledning. Bilete: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0
U-verdi er talet som viser kor mykje konstruksjonen isolerer. Nemninga er W/m²K. W står for effekt, m² er areal, og K er talet for skilnad i temperatur på kvar side. Dersom ein vegg på 5 m² har U-verdi 0,2 W/m²K og det er 20 °C på ei side og 0 °C på andre sida, vil det i løpet av 1 time gå 0,02 kWh gjennom veggen.