Forklaringsartikkel
Hamp

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Hamp er plantefiber frå hampplanten (Cannabis sativa) som kan minne om jute eller lin. Hamp er særs motstandsdyktig mot vatn og blir derfor surra inn i gjenga ved samanskruing av vassrøyr for å unngå lekkasje.
Hamp blir mykje brukt til produksjon av tauverk og ulike tekstilar. Vi ser han ofte i teppebotnar og striar.
Det finst òg hampolje og hampfrøkaker, og i tillegg blir hamp nytta til kraftfôr.
Det er ikkje lov å dyrke hamp i Noreg, ettersom cannabisplanten òg kan brukast til å framstille narkotiske stoff.