Forklaringsartikkel
Fase i ei sinuskurve
Bilete: Dag Olav Lereim / CC BY-SA 4.0
Ein vekselstraum byter på å gå i fase og i motfase, noko sinuskurva på biletet viser.
Med andre ord vekslar polane i ein stikkontakt mellom å ha positiv og negativ polaritet. Difor kallar vi det for vekselstraum.
Eit lydsignal som går til ein høgtalar, er ein vekselstraum. Når høgtalaren får signalet, vil høgtalarelementet bevege seg utover når signalet er i fase, og innover når det er i motfase. Du har kanskje sett ein knapp der det står 180º (fasevending) på baksida av ein subwoofer. Med den får du subwooferen til å snu heile lydsignalet på hovudet. Subwoofer-elementet vil då bevege seg innover når det normalt sett skulle gått utover, og vice versa.