Forklaringsartikkel
Passbitar

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Passbitar er nøyaktig dimensjonerte, parallelle og slipte klossar med nøyaktige toleransemål ned mot ein tusendels millimeter. Passbitane er laga i herda spesialstål og ligg i eit etui som beskyttar dei mot slag og merkeskadar. Passbitar blir gjerne brukte for å kalibrere anna måleutstyr, som eit mikrometer.
Mikrometer er òg namnet på ei måleining, som er ein tusendels millimeter.