Forklaringsartikkel
Sinuskurve
Bilete: Keytotime / CC BY-SA 4.0
Det beste dømet vi har på ei sinuskurve, er straumnettet vi har i stikkontakten heime. Straumnettet vårt har ein fast frekvens på 50 Hz. Det er ein vekselstraum som vekslar mellom å gå i begge fasar. Dersom vi koplar på eit oscilloskop, vil vi få ei tilsvarande kurve som den vi ser på biletet.
Ei sinuskurve blir bestemd av to storleikar: amplituden frå den horisontale midtlinja til bølgjetoppen (høgaste punkt på kurva) og bølgjelengda, som er avstanden frå ein bølgjetopp til neste (i same fase).