Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Røyrkuttar

Denne bruker vi til å kutte røyr, og han finst i ulike storleikar. Ein set kuttaren over røyret og strammar varsamt til. Det er viktig at ein ikkje strammar for mykje, og at kuttaren er vinkelrett på røyret. Drei kuttaren 2–3 gonger rundt før du strammar til på nytt. Slik held du fram til røyret går av. Etter at røyret er kutta, må ein brotsje røyret innnvendig for å ta vekk gradane.

Skrive av Kjell Brørs.
Sist oppdatert 02.10.2020