Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel
Video

Gjerdesag

Video: Martin Aune Walther, Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0

Gjerdesag eller bygningssag blir brukt til å kappe materiale på både langs og tvers. Når ein skal kappe materiale, er det mogleg å variere vinkelen på kuttet ved å dreie saga rundt horisontalt. Det er også mogleg å stille saga skrått frå å stå i lodd. Når ein skal kløyve eit bord, løftar ein opp sagbladet og låser det fast slik at bladet kjem over sagbordet. Det er då viktig at bladet er parallelt med anlegget som ein skuvar bordet langsetter.

HMS: Saga skal ha ein uskadd og sikker skjerm over bladet. Det skal vere ein lett tilgjengeleg knapp for naudstopp. Ved bruk av saga skal du bruke hørselvern og vernebriller.

Skrive av Magne Vågsland.
Sist oppdatert 17.11.2021