Forklaringsartikkel
Slagbormaskin

Bilete: Hitachi Power Tools Norway AS / CC BY-NC-SA 4.0
Dette er ei bormaskin som slår samtidig som ho borar. Ho blir brukt til å bore i betong, mur og stein. Skal vi til dømes feste botnsvill i betong eller mur, treng vi å setje inn ekspansjonsboltar. Då treng vi slagbor med herda spiss, og vi stiller inn maskina på slag før vi startar å bore. Denne maskina kan også brukast til meisling. Då stiller ein inn med berre slag utan at meiselen går rundt.
HMS: Det er viktig å vere klar over at boret kan hogge seg fast, slik at maskina begynner å snurre rundt. Hald derfor godt fast i maskina, og ver merksam. Bruk høyrselsvern og vernebriller.