Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Frekvensområde/frekvensband

Frekvensområdet er eit oppgitt område målt i hertz (Hz). Dette gjeld både for faste installasjonar og for radiobølgjer. Når det gjeld radiobølgjer, blir tildelinga gjord av Den internasjonale teleunionen (ITU).

VHF, UHF, SHF og EHF er namn på ulike frekvensband, som har kvar sine tildelte frekvensområde.

Døme: UHF: 300–3000 MHz (Megahertz)

I ein trevegs høgtalar deler vi inn i frekvensområde for bass, mellomtone og diskant (vist på biletet). Her kan du sjå at dei overlappar kvarandre litt, noko som er ønskjeleg. I radiokommunikasjon er ikkje dette ønskjeleg, då vil ulike signal kunne påverke kvarandre, og vi får det som blir kalla interferens.

Skrive av Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 25.08.2020