Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Herding

Herding er ein kjemisk prosess der to eller fleire stoff i ei blanding reagerer med kvarandre og gjer blandinga hard eller fast. Døme på dette er herding av betong eller lim. Ved herding av metall gjer ulike prosessar metallet hardare. Når ein herdar stål, blir det varma opp før det blir bråkjølt. Då blir stålet hardare, men også sprøare.

Skrive av Kjell Brørs og Marius Weum Stick.
Sist oppdatert 31.03.2022