Forklaringsartikkel
Video
Handsag
Video: Focus Media UB / CC BY-SA 4.0
Dette er ei vanleg sag som blir brukt til å kappe tremateriale. Her er handtaket utforma slik at ein kan bruke saga til å merkje av 90 eller 45 gradar. Tennene er utforma slik at saga er eigna til å sage både på tvers og på langs av fibrane i trevirket.
I tidlegare tider då tømraren filte saga sjølv for å gjere ho kvass, hadde han kanskje ei sag der eggen var heilt på tvers. Ho var betre eigna til å kløyve bord med. No har dei fleste handsager herda tenner som er vanskelege å kvesse når dei ikkje lenger er skarpe.
For at saga ikkje skal bli klemd fast i skurden, er det viktig at tennene er vigga noko til sida. Med mindre og finere tenner blir skurden meir nøyaktig. Dette kan vere viktig når ein skal tilpasse listverk.