Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Overfres

Ein overfres blir brukt til å lage spor og mindre utsparingar i treverk. I limtrefaget kan han bli brukt til å lage fordjuping til beslag. Kniven som blir sett inn, kan skiftast ut og ha ulik utforming avhengig av kva for ein profil vi vil ha. På nokre modellar er det mogleg å kople til sponavsug.

HMS: Bruk høyrselsvern og vernebriller.

Skrive av Kjell Brørs.
Sist oppdatert 02.10.2020