Forklaringsartikkel
Vinkel

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Ein vinkel er eit måleinstrument til å måle og merkje vinklar med. Her viser vi ein som blir brukt til å merkje og måle 90 gradar og 45 gradar. Den blir brukt til å setje strek når ein skal sage for hand. Ein kan òg kontrollere vinklar med vinkelen. Det finst også ein justerbar variant ein kan bruke til å overføre kva vinkel som helst til eit materiale som skal kappast.