Forklaringsartikkel
Kronetong

Bilete: Dag Olav Lereim / CC BY-SA 4.0
Kronetong er eit termineringsverktøy for kontaktar, plintar og modular. Ho har eit fjørbelasta munnstykke med kniv, som gjer at leiaren blir trykt inn og kutta samstundes. Bøyelen ved hovudet gjer at innpresset kan justerast. Tonga har òg ein krok og eit flatjern innebygd. Tonga blir mykje brukt av telekommunikasjonsmontørar og andre som jobbar med datanettverk.