Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Vasslås

Ein vasslås er ei utforming av eit avløpsrøyr som gjer at vatn blir ståande i ein del av røyret heile tida. Det hindrar luft og lukt i å kome opp frå avløpsrøyra, gjennom sluket og inn på badet eller kjøkkenet. Alle avløpsrøyr har ein vasslås i nærleiken av sluket der avløpsrøyret startar.

Skrive av Kjell Brørs og Marius Weum Stick.
Sist oppdatert 26.11.2021