Forklaringsartikkel
Isolasjon, EPS

Bilete: Magne Vågsland / CC BY-SA 4.0
Desse platene er laga av ekspandert polystyren (EPS). Platene blir brukte til isolasjon under bakken. Dette er eit plastmateriale som er formstabilt og toler trykk. Fordi det er svært brennbart, er det avgrensingar på kvar det kan brukast. EPS blir brukt som isolasjon i grunnen under betong eller som isolasjon mot tele i vegbygging. Platene blir ofte kalla isoporplater.