Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Dor – sylindrisk

Ein sylindrisk dor er eit slagverktøy med sylindrisk slagdel. Ein slik dor kallar vi òg for eit drivande verktøy.

Vi kan til dømes drive ein bolt ut av ein aksling, eller vi kan drive ei sikring inn i ein aksling. Sylindriske dorar finst i ulike dimensjonar og storleikar slik at dei passar til formålet.

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 23.05.2022