Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Lyd

Lyd er bølgjer i luft og vatn. Når noko(n) lagar ein lyd, endrar trykket i omgivnadene seg. Vi menneske kan høyre lydar i frekvensområdet 20–20 000 Hz, mens til dømes kattedyr kan høyre høgare frekvensar (ultralyd), og delfinar kan høyre lågare frekvensar (infralyd).

Vi kan kjenne att lydar vi har høyrt før, og identifisere andre menneske basert på lyden av røysta deira. Hjernen vår reagerer på kva for ei retning lyden kjem frå, sidan lyden treffer først det eine og så det andre øyret.

Vi seier vanlegvis at vi måler lydtrykk i desibel (dB), men den eigentlege måleininga er pascal (Pa).

Skrive av Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 25.08.2020