Forklaringsartikkel
Målingsbøtte

Bilete: Jordan AS / CC BY-NC-SA 4.0
I nokre tilfelle er det meir hensiktsmessig å bruke ei målingsbøtte framfor eit målingsbrett/-trau. Dette gjeld i tilfelle der det går med større mengder måling, og i tilfelle der ein blandar ulike typar/fargar.
Ei slik bøtte er dimensjonert for breidda på ein målingsrull, ho er 18 cm i breidda og rommar opptil 8 eller 12 liter. Ho har òg innvendige riller for å få målinga jamt fordelt på rullen.
Det vil vere ein fordel å ha eit lok til denne bøtta, sidan målinga tørkar fort langs sidene. Reinhald i etterkant kan då bli ei utfordring.