Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel
Video

Lodd og retningssnor

Video: Martin Aune Walther / CC BY-NC-SA 4.0

Her har det minste loddet snor på ein spole med spikar i. Dette gjer det enkelt å hengje opp loddet. Det store loddet vil henge mer stabilt dersom ein skal lodde opp mer enn éin etasje. Det er viktig at ein bruker ei snor som er fletta, slik at ikkje loddet snurrar rundt. Når loddet heng fritt opphengt inntil ein vegg, kan det brukast til å rette opp veggen slik at han står i lodd. Då måler ein avstanden frå snora til veggen i toppen der ho er festa, og så må ein sjekke avstanden frå snora i botnet der loddet heng. Er avstanden mellom snor og vegg lik i topp og botn, så er veggen i lodd. Ein kan òg berre bruke snora og spenne ho opp horisontalt for å rette inn forskaling.

Skrive av Magne Vågsland.
Sist oppdatert 17.11.2021