Forklaringsartikkel
Vibrator

Bilete: Hansmark A/S / CC BY-SA 4.0
Vi bruker ein vibratorstav til å lage rørsle i betongen når vi støyper. På den måten får vi betongen til å fylle ut alle delar av forma og slutte seg godt til armeringa. Det er viktig at ein ikkje vibrerer meir enn nødvendig. Vibrerer ein for mykje, kan ein få separasjon og steinreir i betongen. Bruk vernebriller og arbeidshanskar når du vibrerer.