Forklaringsartikkel
Video
Vater
Korleis bruker du eit vater? Følg med her. Video: Focus Media UB / CC BY-SA 4.0
Namnet kjem av at vi kan bruke utstyret til å kontrollere om noko er i vater, det vil seie om det har same retning som overflata på stilleståande vatn. Eit vater har vanlegvis tre libellar. Når luftbobla i libellen midt på har plassert seg midt mellom strekane, er vateret horisontalt. Dei to andre viser når vateret er vertikalt (i lodd).
Eit vater blir også kalla for loddstokk. Dei fleste vater er 60 cm lange, men i murarfaget bruker vi ofte vater som er vesentleg lengre.