Forklaringsartikkel
Tapet

Bilete: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0
Tapet er fellesnamnet på belegg som blir limt på veggen. Materialet i tapetet kan vere papir, vinyl, tekstil, glassfiber og metall. Det kan ha ulik kvalitet og ulik struktur.
Vel kvalitet ut frå funksjon og klima der tapetet skal brukast. Papirtapet som toler lite, bør ikkje brukast i rom med mykje trafikk, belastning eller fare for søl, som til dømes i ein yttergang. Der bør ein heller bruke vinyltapet, som toler mykje meir og er vaskbart. Sidan tapet med vinyl toler vatn, blir det gjerne brukt på bad.