Forklaringsartikkel
Takpapp

Bilete: Magne Vågsland / CC BY-SA 4.0
Takpapp finst i ulike kvalitetar. Det er avgjerande om det skal vere topplag eller underlag under takstein. Denne blir også kalla for ATB, som er ei forkorting for asfalt-tak-belegg. Pappen består av fiber som bind saman asfalt og eit lag med fin stein. Når pappen skal monterast, tar ein bort den kvite plasten slik at kvart lag blir limt i overlapp.