Forklaringsartikkel
Sparkelremse

Bilete: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0
Sparkelremse bruker vi til å leggje i skøytane på gipsplater slik at det ikkje blir sprekkar mellom gipsplatene. Remsa er laga av eit fibermateriale, som oftast papir. Vi legg ho i sparkelmassen når vi sparklar gipsveggen.