Forklaringsartikkel
Pensel

Bilete: Jordan AS / CC BY-NC-SA 4.0
Penslar bruker vi når vi skal påføre måling og lakk på ei overflate. Det kan vere veggar, golv eller andre flater. Penslar finst i mange ulike storleikar og i ulike utformingar. Kva for ein pensel ein skal bruke, er avhengig av kva som skal påførast, og storleiken på den flata som skal behandlast.